LokalnyttLokalsport

Avlyser Junior NM på Beitostølen

Det blir ikkje junior-NM på Beitostølen for Kristine Hjellbakk Hole og rundt tusen andre langrennstalent grunna frykt for Korona-spreiing. (Foto frå Lygna januar 2020)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL var ein av rundt tusen juniorar som skulle kjempe om titlar og gode plasseringar under junior NM i langrenn på Beitostølen. No er tevlingane avlyst grunna frykt for Korona-spreiing.

Hellesylt.info var på tråden til Kristine Hjellbakk Hole som til dagleg går skule på Lillehammer. Ho var klar for deltaking på Beitostølen der ho skulle representere Sunnylven IL og Møre og Romsdal skikrets, og gleda seg spesielt til laurdag og 5.0 km. fristil. Denne stilarten er favoritten, fortalde ho. Det visste vi i grunn frå før, for vi huska godt NC junior-løp i Holmenkollen i februar der det vart 10. og 11. plass på sprint og 10.0 km. Ein sterk prestasjon mellom landets beste i K18-klassa.

No vart det ingen tur til junior NM denne gongen. Kva som skjer resten av langrennssesongen for talentet frå Sunnylven IL visste ho heller ikkje. Og ein kjedeleg situasjon er det også for syster Anniken Hjellbakk Hole at også Birkebeinerrennet laurdag 21. mars er avlyst, tykte Kristine. Anniken var påmeldt der og klar for 54.0 km. mellom Rena og Lillehammer.

Kristine Hjellbakk Hole var mellom tolv deltakarar frå Møre og Romsdal skikrets som skulle til junior NM langrenn frå 13. mars til 15. mars. Namn på alle deltakarane finn du her:

Sander Engdahl, Torvikbukt IL, Eskil Glomnes, Valldal IL, Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, Adrian Flote, Hovdebygda IL, Håkon Bakke Kjerstad, Emblem IL, Aud Øye, Molde og Omegn IF, Karsten Andre Vestad, Molde og Omegn IF, Iver Nås, Eide IL, Iver Hole, Åndalsnes IF, Hanne Kjos, Åndalsnes IF, Mikkel Gautvik, Molde og Omegn IF, Lone Øvrebust, Stordal IL.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380