Får kanselleringar av cruisebåtanløp
Stranda Hamnevesen KF har fått kanselleringar av cruisebåtar i mars og april. Ingen får legge til kai eller setje passasjerar i land på grunn av korona-epidemien. Og turistferja utset oppstart frå 1. april med ein månad.
Det var venta langt over 200 cruiseskip til Geiranger og mellom 130 – 140 til Hellesylt i 2020. No er 11 anløp alt kansellert, den fyrste med Le Bellot 23. mars, og seinare i april med fem anløp til, og AIDAsol som var venta til Hellesylt og Geiranger to gonger i april, sist 30. april. Dei andre båtane var AIDAaura, AIDAdiva og Spitsbergen.
Og driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole fryktar at fleire avbestillingar vil kome. Alt avheng av korleis korona-epidemien utviklar seg, for skip får ikkje legge til kai og ingen av cruisepassasjerane får gå i land. Då må det i tilfelle stå om liv og helse, seier Hole og viser til melding frå kommuneleiing og kommuneoverlege.
Les her; «Kriseleiinga med smittevernlege og kommuneoverlege har i dag (12.03.2020) vedteke at ingen cruisepassasjerar får kome i land i hamner i Stranda kommune. Dette med bakgrunn i vanskar med smittevernsporing.»
Kan bli redusert sesong
Dette vil dessverre ramme alle som har passasjertrafikk over Stranda kommune sine kaier ( Stranda – Hellesylt – Geiranger – Liabygda ): Cruiseskip, Hurtigruten, Sightseeingbåter, Chartertrafikk med båt, RIB-båter.
Når det gjeld forsyningar til cruisebåtar, er det berre tre hamner i Norge båtane kan legge til, i Tromsø, Bergen og Oslo.
-Det kan bli ein amputert cruisebåtsesong, men vi må ta vår del av støyten for å få virus-utbrotet under kontroll, seier Hole. Han håper at det verste kan roe seg, at det kan bli lette i restriksjonane og at månadane juni, juli og august kan gå bra då cruisebåttrafikken til Geiranger og Hellesylt er størst.
Turistferja
Også for turistferja mellom Hellesylt og Geiranger får korona følgjer. I melding til Stranda Hamnevesen KF skriv The Fjords:
«På grunn av pågåande pandemi og bookingar som uteblir har vi i dag beslutta å utsetje oppstarten av ferjerutene på Geirangerfjorden i første omgang til 30.april. Vi gjer løpande vurderingar og kjem tilbake med oppdatert info.»
Nye kanselleringar
Det kjem til stadig nye kanselleringar av cruisebåtbesøk til Geiranger og Hellesylt. Sjå lista her: https://www.stranda-hamnevesen.no/cruise-calls