Fjord Nature sender live

Helge Kvam Karbø som driv naturopplevingsselskapet Fjord Nature har også fått innskrenka aktivitet grunna korona-epidemien. Men kreativitet held verksemda gåande.
Under normale omstende tilbyr Fjord Nature opplevingar frå fjorden, fjell og dalar rundt om på Hellesylt og store deler av Sunnmøre. Korona-epidemien har stoppa aktiviteten for grupper i lag i naturen til så lenge, fortel Helge Kvam Karbø. Men eigen kreativitet driv naturselskapet hans vidare.
No har han daglege sendingar live på facebook frå nærområdet kring Hellesylt, uansett ver. Og i kvar sending stiller han eit lokalt spørsmål som sjåarane kan sende inn svar på. Ein person med rett svar blir trekt ut og får eit rabattkort i premie til ein aktivitet når alt blir normalt igjen, fortel han. Tysdag tok han turen frå Åseneset til Åsen med Hellesylt i bakgrunnen. Spørsmålet var då kor mange som bur på Hellesylt.
I dag onsdag 25. mars var veret like dårleg, og han lurte på kvar han skulle gå. Kva det vart til kan du sjå ved å klikke på denne lenka: https://www.facebook.com/pg/fjordnature/videos/?ref=page_internal
Helge Kvam Karbø etablerte Fjord Nature i fjor ,og jobbar no med å gjere ferdig sine lokale med lager og kontor i Hellesylt sentrum. Han håper å kunne opne der til 1. mai i år.
Karbø opplyser også at X2Festivalen som skulle starte 16. april er avlyst. Festivalen har tidlegare avvikla fleire konkurransar i Sunnylven, og i år var X Creek (elvepadling) lagt til Bygdaelva i Steimsåsane.