-Flott av regjeringa, AP, FrP, SP og SV på Stortinget !
« Heile 5 milliard i krisepakke til kommunane og fylka, med nye gode krisepakker til næringslivet og innbyggjarane som også er heilt nødvendig, er svært godt jobba av alle partia som står bak dette»
Lesarinnlegg; Frank Sve, Stranda Frp.
-Dette syner at i krisetider klarer ein å stå samla og gjere gode tiltak til både kommunar, fylka, næringslivet og innbyggjarane.
Ferjekostnadane på riksvegferjene vert kutta med 20%, og kostnaden ved påfylling av kort blir berre 1/3 av normalen.
Ein forventar at fylket gjer dette også for fylkesferjene, og det finnast ingen sakleg grunn til at dette ikkje skulle skje her i fylket.
Krisepakken på 5 milliard kr til kommunane er svært viktig også for Stranda kommune, og gjer at vi også kan gje støtte til fleire positive tiltak.
I Stranda kommune er vi samde i Formannskapet om å løyve støtte til det vi maktar, og no ligger det klart til grunn at støtte til utstilling ang. Strandaindustrien, støtte til Stranda feriesenter for arkeologiske utgravingar, og støtte til skisenteret for løypetrakking kjem på plass snarast råd.
Det same må skje ang. støtte til fleirbruksanlegget i Hyttehola i Sunnylven.
Vi kjem også no i gang med rehabilitering av Sunnylven skule, noko som eit samrøystes formannskap har slutta seg til, mykje lokalt næringsliv får her oppdrag, som vert viktig i krisetida vi er inne i no.
Viktig no at vi som er politikarar i Stranda samarbeidar så godt vi kan, til det beste for vårt næringsliv og for våre innbyggjarar.-