Generalforsamling utsett

Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS onsdag 25. mars er avlyst grunna korona-utbrotet. Ny dato blir kunngjort seinare. (Foto frå arkivet)

I Peer Gynt Galleriet AS var det planlagt generalforsamling onsdag 25. mars. Denne er utsett inn til vidare grunna korona-utbrotet.

Styret i Peer Gynt Galleriet AS hadde opprinnelig tenkt å avhalde ordinær generalforsamling i selskapet 25. mars med oppmøte i galleriet.

-Generalforsamlinga er no avlyst, og det er ikkje fastsett ny dato. Årsaka er at vi ikkje ønskjer å samle mange personar i disse koronatider. Det er ikkje sendt ut e-post om innkalling til generalforsamling, men det er sendt ut innkalling per brev til dei som skulle ha det. Styret beklager dette og ber alle om å sjå vekk frå denne innkallinga. Generalforsamlinga 25. mars er avlyst og ny dato vil bli fastsett seinare, heiter det i melding frå styret.

-Det er mulig at den ordinære generalforsamlingen vil bli halde som ei forenkla generalforsamling, med stemmegjeving på e-post, men det får vi komme tilbake til, skriv styreleiinga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380