Notiser

Konsert i Sunnylven kyrkje

Musikarar under konserten i Sunnylven kyrkje laurdag. Frå venstre Carolin Eide, Inga Lill Nydal, Stephanie Roux, Evgenii Zhukov.

Fingerleik på pianotangentane, imponerande spel på tverrfløyte og fantastisk song av 14 år gamle Inga Lill Nydal. Det fekk eit 40-talls frammøtte oppleve og ta med seg heim frå minikonsert i Sunnylven kyrkje.

I Sunnylven kyrkje var det konsert laurdag på sein ettermiddag med lokalt tilknytte musikarar og musikalske verk av fleire store komponistar på 17-og 1800-talet. Og med ei kyrkje opplyst av berre levande ljos vart det ei reise tilbake til seinbarokken si musikalske storheitstid.

Til å framføre musikkverk som sjeldan eller kanskje aldri har blitt spela i Sunnylven kyrkje, fekk publikum møte Carolin Eide og Stephanie Roux, begge på piano, Evgenii Zhukov på tverrfløyte, og songtalentet Inga Lill Nydal frå Eidsdal. Konfransiér under konserten var Gunnar Inge Eide.

Det vart ein knapp time der eit 40-talls, også tilreisande frammøtte fekk høyre fantastisk dyktige musikarar og ei jente med eit songtalent av det sjeldne. Musikk under konserten var av mellom anna Hayden, Hëndel, Mozart, og Carl Philip E. Bach. Høgdepunkt kom på rekke og rad, framført både på piano og i samspel piano og tverrfløyte. Og Beethoven sin fyrste sats frå Måneskinnsonaten med Stephanie Roux på tangentinstrumentet kan vel neppe opplevast mykje betre.

Med Inga Lill Nydal som solist i Pie jesu av Andrew Iloyd Webber vart den knapt timelange konserten avslutta. Deretter vanka det blomar og god applausen til aktørane frå publikum for ein flott, men spesiell konserten i Sunnylven kyrkje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380