Korona stoppar Grendakvelden.

Programmet med Sjøarane til årets Grendakveld var nesten klart, men av kjente årsaker er årets store underhaldningskveld i Sunnylven utsett inn til vidare. (Foto: Sjøarar på scena under Grendakvelden 2017)

Berre to gonger tidlegare har Hellesylt Ungdomslag sin Grendakveld blitt utsett eller avlyst. No skjer det igjen med den 43 «latterkulekvelden» i Sunnylven samfunnshus.

Mange greinalause innslag og kommentar har blitt servert frå scena i Sunnylven si storstove sidan 1975. Det året hadde Dalarane sett saman eit lødig underhaldningsprogram som dei presenterte med suksess, og det var starten på Grendakvelden. Sidan då har Dalarar, Bygdarar og Sjøarar med Ljøen kvart år med unntak av to gonger veksla på å underhalde ein fullsett samfunnshussal laurdag før påske.

Om to veker var det Sjøarane som skulle presentere nyheiter frå det siste året i bygda, både gjennom sketsjar og viser. Det blir det ikkje noko av, det har korona-epidemien sett ein stoppar for.

Sjøarane arkiverer morostoffet

Borghild Sporstøl var med i gjengen av glade amatørar hos Sjøarane og gledde seg til Grendakvelden. –Vi var så godt i gong med programmet, mange møtte opp på planlegging og øving, og spesielt var det flott at mange litt eldre og scenevante stilte på.

Også Wenche Høgalmen Ringdal fortel om ein gjeng på 15 – 20 personar som hadde lagt ned arbeid i å skrive både viser og sketsjar. -No blir alt arkivert til seinare, for vi er samde om å ta vare på det og leite det fram igjen seinare, gjerne til hausten om det skulle bli Grendakveld då i staden. Og då skal du ikkje sjå vekk for at det blir eit innslag om Korona også, seier Wenche.

Avventar utviklinga

Det var ikkje gjort avtalar som påfører arrangøren Hellesylt Ungdomslag utgifter, heller ikkje skrive kontrakt med danseband til Grendakvelden. HUL-leiar Marianne Fivelstad synest det er leitt at den 43. Grendakvelden ikkje kan arrangerast, men seier at valet var klart. –Når vi ser og høyrer skrekknyheitene frå Italia om tusenvis som døyr etter å ha blitt smitta av viruset rettar vi oss sjølvsagt etter helse –og styresmakter sine råd. Og om og når det blir råd å avhalde Grendakveld får vi berre vente og sjå, seier ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380