Lite antibiotika i norsk landbruk

I norsk husdyrhald er bruk av antibiotika svært lavt. Gjennom maten som den norske bonden produserer og folk kjøper kan dette bety mykje for folkehelsa.
Siv Gulbrandsen skriv på facebook og har meiningar om antibiotikabruk og norsk husdyrhald som hellesylt.info siterer frå. Innlegget er skrive om frå bokmål til nynorsk.
» Kvifor blir det stadig fortalt at det blir brukt lite antibiotika i Norsk landbruk? Er det egentleg så viktig for oss forbrukarar?
Det kan faktisk redde liv.
Legar er blitt flinkare til å ikkje å gi ut antibiotika unødig til pasientar, men visste du at om du åt mat som inneheldt mykje antibiotika så kan det være akkurat like skadeleg?
Når vi utset oss for antibiotika dagleg utset vi også bakterier for antibiotika og dei vil då etter kvart bli resistente.
Slik resistens kan faktisk føre til at vi ikkje har noko som kan hjelpe oss om vi for eksempel skulle få blodforgifting.
Vi matprodusentar arbeider for at du skal kunne kjøpe mat med lite antibiotika i, og gjev det ikkje for å førebygge sjukdomar. Vi brukar antibiotika berre når dyr er sjuke, og det blir då tilvist av veterinær. Det blir også arbeidd systematisk med å betre dyrehelsa gjennom sjukdomsutrydding, vern mot smitte ved å utbetre forhold i fjøs, og passe på at dei som kjem inn ikkje dreg med seg smitte. I norsk landbruk blir det også jobbar målretta gjennom avl for å få fram friske og sterke dyr, tilpassa norske forhold og norsk klima.
Norge har eitt av verdas strengaste medisineringsregime. Det er mellom anna nulltoleranse for antibiotikarestar i mjølk.
Bruk av antibiotika hos husdyrene er faktisk gått ned 40% siden 1995 »