Mangla mobilnett i fleire dagar

Servicefolk frå teleselskapet var på plass på Bjørdal og fekk montert opp nytt sendeutstyr for mobiltelefon.

Det vart krise for fleire øvst i Sunnylvsbygda då mobilnettet fall ut sist helg. Men Telia kom raskt på plass og utbetra, og no får selskapet ros for servicen av næringssjef Inge Bjørdal i Stranda.

Ein link på Parr i mobildekninga vart sist veke montert ned før ny var oppe og i drift. Dermed vart alle mobilabbonentar frå Parr til Vollset i Sunnylvsbygda utan telefon fredag 13. mars. Ein håplaus situasjon i desse tider der også fleire har sagt opp fasttelefonen sin, seier næringssjef Inge Bjørdal. Han bur sjølv i området, og som mange andre har også næringssjefen i Stranda kommune heimekontor i desse dagar, og vart hemma i jobben av det manglande mobilsambandet.

-Eg tok kontakt med Telia som viste stor forståing for situasjonen og stilte opp med servicefolk og utstyr nesten same dag. Nytt utstyr vart sett opp på ein låve på Bjørdal, vi fekk låne ein lift frå det lokale byggfirma HT Bygg Hellesylt, og Stranda Energi AS hjelpte med straumforsyninga.

-Det var i det heile ein flott kollektiv dugnad som fekk mobilnettet på lufta igjen etter få dagar. På vegne av alle som bur og brukar mobilnettet i grenda rettar eg stor takk til Telia, og til alle andre for innsatsen, avsluttar næringssjefen.

Alle har no fått tilbake mobildekninga, dei siste i dag torsdag 19. mars.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380