Markerte kvinnedagen på Hellesylt.

Det vart servert pizza og mineralvatn då Sunnylven bygdekvinnelag tok initiativet til markering av den internasjonale kvinnedagen 8. mars. (Foto: Ruth Hole Aaland.)

Kvinnedagen 8. mars vart markert på ulike måtar over heile landet, også på Hellesylt der Sunnylven Bygdekvinnelag tok initiativ til samling på bygda sin pizzarestaurant.

Det vart samling utan tog og parolar, men ei tradisjonell og koseleg markering av at kvinnedagen 8. mai er viktig å huske på. Leiar i Bygdekvinnelaget i Sunnylven, Anne Marie Sømoen Frøysa fortel at 14 damer var med på samlinga på restaurant Øcal i Hellesylt sentrum søndag 8. mars. Ho hadde håpa på større frammøte, men vi hadde det triveleg vi som var der, seier ho.

På den populære pizzarestauranten vart det tinga mange og store variantar av den italienske nasjonalretten, og det smaka, fortel bygdelagsleiaren som synest det er viktig å markere dagen. -Sjølv om det har gått over hundre år sidan fyrste kvinnedagsamling er der nok enkelte område der det framleis ikkje er full likestilling.

I Norge har den internasjonale kvinnedagen blitt markert sidan 1915. Under andre verdskrig vart dagen feira i hemmelegheit, og fyrst i 1972 vart markeringa teken opp for fullt igjen. Då følgde fleire år med store tilstellingar, med folketog, parolar og slagord. Saker som ofte blir trekt fram på 8. mars er kvinners rettigheiter mellom anna innan utdanning, helse, økonomi, og politikk.

Snart Snurrepiperier

Sunnylven bygdekvinnelag har også andre arrangement i «erme» i nær framtid. Laurdag 21. mars er det Kafe Snurrepiperier på Sunnylven samfunnshus. I tillegg til god meny frå kjøkkenet blir det utstilling av vevde ting, små vevstolar og litteratur om veving.

Anne Marie Sømoen Frøysa oppmodar alle som har aktuelle ting til utstillinga til å ta kontakt og låne dei ut for ein dag eller to. Ting kan leverast på samfunnshuset fredag 20. mars mellom 16.00 og 18.00, eller tidleg laurdag føremiddag, seier ho.

Ta kontakt med Inghild Storstein mob. 416 71 817, eller Anne Marie Sømoen Frøysa mob. 988 46 226 for å avtala nærmare. Sjå og kalendaren «Kva skjer på Hellesylt ?».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380