Lokalnytt

Meieribygget tilbake til gamal prakt

Flakk Eiendom AS fornyar det gamle meieribygget på Hellesylt med ny bordkledning, nye vindauge og nytt tak.

Snart er arbeidet i full gang med å føre meieribygget på Hellesylt tilbake til opphavleg utsjånad. I bygget skal Devold ha sitt utsal også i sommar slik fabrikken har hatt sidan 2005.

Då Sunnylven meieri var i drift vart det påbygd fleire gonger. Også den gamle delen av bygget vart modernisert med store glas, og vegg –og takplater i stål. Men i 2016 / 2017 reiv eigaren alt av det nye og berre den gamle delen av bygge vart ståande igjen. No har Flakk Eigedom AS planlagt å tilbakeføre utsjånad og fasade til gamal storheits prakt.

Dagleg leiar i Flakk Eigedom AS, John Egil Giørtz Jacobsen fortel at restaurering av bygget vil starte om kort tid med pussing av murar, innsetjing av nye glas med krysspostar, og ny liggjande bordkledning i staden for stålplater. Også på taket skal stålplatene få avløysing av firkanta skiferheller. Bygget skal bli tilnærma slik det såg ut frå fyrst av, seier Jacobsen.

Ålesund-firmaet som skal utføre arbeidet vil jobbe med utbetringane i fyrste omgang til slutten av mai. Då opnar Devold sin sommarbutikk med sal av genserar, kufter og andre plagg av ull. Butikken blir i dei tidlegare lokala med inngang mot gata, men kva resten av bygget skal nyttast til er ikkje bestemt enno, får vi opplyst.

Sunnylven Meieri slik det såg ut då det opna for produksjon i mai 1922.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380