Ølsmaking i påska avlyst

Ølsmaking i påska er avlyst, men Ellen Fivelstad har kaffi og andre gosaker å by på i Hellesylt Boutique & Bar.

Det blir ikkje smaking på heimebrygget frå det prisbelønna bryggeriet frå Innvik i Nordfjord på Hellesylt i påska. Arrangementet er utsett til seinare, kanskje i mai/juni.

Grunna den pågåande korona-epidemien blir alle samlingar og arrangement med fleire personar til stades avlyst. Utsett blir også arrangementet på Hellesylt Boutique & Bar i påska med enkel servering, ølsmaking frå Brulandselva, og folkemusikkslåttar med felespelar Britt Pernille Frøholm. Men for alle som hadde tenkt seg på øltreffet byd høve seg seinare, kanskje i mai / juni,

Open kaffibar

Ellen Fivelstad opplyser at kaffibaren held ope komande laurdag. Då blir det høve til å kjøpe kaffi, kaker og kanelbollar

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380