Registrerer arbeidskraft til landbruket

Til landbruksnæringa blir det registrert personar med fagleg bakgrunn som kan ta jobb i tilfelle korona-pandemien utviklar seg dramatisk. (Foto frå arkivet)

Norge har mange utanlandske sesongarbeidarar i landbruksnæringa. Dette gjeld spesielt innan frukt og grønt-produksjonen. Om korona-epidemien held fram ut over våren og sommaren kan Norge ha behov for arbeidskraft også innan husdyrstell.

Landbruket er føre var og prøver no å sikre seg arbeidskraft om behovet for ekstrahjelp skulle melde seg. På Stranda kommune si nettside blir det lyst etter folk med fagleg kompetanse innan landbruk som kan gjere ein jobb om det blir naudsynt.

-Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstra mannskap oppstår i samband med Korona-pandemien.
Ordninga fungerer slik:
Dersom du har relevant bakgrunn/praksis innafor landbruk med husdyr, oppmodar vi deg om å melde frå til dine lokale landbrukstenester om at du er tilgjengeleg for oppdrag som avløysar for sjuke bønder. Vi oppmodar om at du ringjer eller sender e-post/SMS til:

For kommunane Ålesund, Fjord, Sykkylven, Stranda, Giske og Sula:
Storfjord Landbrukstenester SA
Pb 132, 6211 VALLDAL
Tlf. 909 76 354
E-post: morten.feiring@n-lt.no

Personar med fagleg bakgrunn frå landbruksskule, personar med tidlegare erfaring som avløysar eller som bonde, elevar og andre som er permitterte frå vidaregåande skular/høgskular eller frå ordinær jobb og som har relevant bakgrunn er sjølvsagt svært aktuelle.
Den lokale landbrukstenesta vil gi nærare informasjon om vilkåra for å ta på seg ein slik jobb.
Matproduksjon er ei samfunnskritisk funksjon. Ved å ta på seg avløysing er du med på å sikre at vi alle kjem ut av Korona-situasjonen på best mogleg vis.

Tiltak i næringslivet

Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal har i skriv også til andre innan næringslivet bede om tilbakemelding på behov for ekstra arbeidskraft. Han opplyser at fram til og med 19. mars er det til landbruksnæringa registrert åtte personar som har sagt seg interessert i jobb.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380