Lokalnytt

Rehabilitering startar over påske

Sunnylven skule. (Foto frå arkivet)

Like over påske startar truleg arbeidet med rehabilitering av Sunnylven skule. Dei siste formelle vedtak blir gjort i formannskapsmøte måndag 30. mars.

Det er HT Bygg Hellesylt som blir hovudentreprenør i rehabilitering av Sunnylven skule. Anbodet er på 47. mill. kroner pluss mva. No blir det jobba både frå kommunen og entreprenør med å få på plass alternative undervisningslokale både på og i nærleiken av Hellesylt.

-I staden for ei ørkenvandring kring spesielle lokale går vi no for dei vi veit vi får leige, og som skuleleiinga godtek, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

-På Hellesylt er fleire bygg som vi får leige til undervisning i byggeperioden, om naudsynt også eit grendahus i nærleiken. Alt blir avklara i samråd med skuleleiinga, og i formannskapsmøte komande måndag. Det må søkjast om bruksendring for dei aktuelle «skulestovene», men det reknar eg med skal gå i orden, seier Tryggestad., og legg til;

-Det har blitt jobba steinhardt frå både entreprenør og kommunen med å avklare alt, og få på plass lokale til undervisninga det neste året. No ser det ut til at det går i orden og arbeidet med rehabilitering kan starte. Og kjem vi i gong like over påske kan Sunnylven skule stå ferdig i «ny drakt» til skulestart hausten 2021.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380