Skigruppa avlyser renn og arrangement

Skigruppa har vedteke å avslutte Sunnylvscup på ski for denne vinteren. Rundt 50 deltok på kvar av dei fire renna som vart arrangert. Her frå tredje renn i Hyttehola som også var sonerenn.

Som mange andre avlyser også skigruppa i Sunnylven IL sine aktivitetar og arrangement dei neste vekene.

Skigruppa i Sunnylven IL melder no at Sunnylvscup på ski er avslutta for denne vinteren. Trass i ein spesiell og snøfattig vinter rakk skigruppa å arrangere fire cuprenn.

Også påskebingo tysdag 7. april med premiering for skicupen er avlyst, men premiefesten vil bli halden til hausten. Det blir sendt ut meir informasjon om dette etter sommarferien, heiter det i meldinga frå skigruppa i Sunnylven IL.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380