Stort snøras frå Steimsnibba

Fonna har gått større tidlegare år, men hadde mykje kraft i seg onsdag. Heilt til høgre ser vi Holten, «fonnvernet» for tunet på Stadheim.

I Sunnylven gjekk eit større snøras frå Steimsnibba onsdag i 14.00-tida. Raset gjorde ikkje skade på folk eller eigedom, men fonnvinden var enorm, fortel Glenn W. Stadheim.

Det er rasfare i fjella i Sunnylven i desse dagar. Det viste seg på onsdag då eit større snøras losna nesten på toppen av den 1285 meter høge Steimsnibba. Hos Glenn W. Stadheim og Åse på Stadheim er tunet og bygningar skjerma av ein stor fjellskolt som blir kalla «Holten». Årleg går det fonn frå fjellet, men fjellskolten stoppar og kløyver fonna som aldri har gjort større skade på husa.

Der er mykje snø i fjellet, seier Glenn W. Stadheim og trur det kjem nye ras etter kvart.

Onsdag kom fonna stor og kraftfull, og Glenn W. Stadheim var heime og fekk oppleve trykket av snøraset. Det var enorme, seier han. Alle lause ting på tunet fauk rundt om, og veggar og glas vart tildekt av fonngov. Mest synd var det på hesten Rosas Kiara som stod ute på sin daglege lufting. Stakkars hesten vart både forskremt og kvitkledd og fekk sjølvsagt i hus med ein gong. Men matlysta var dåleg lenge, ikkje noko av gosaker smaka før etter ei god stund. Nei dette var friske greier, seier Glenn som legg til at ikkje noko vart skada verken hos dei eller hos naboane.

Slik såg traktoren ut etterpå.

I fjellet er det enormt mykje snø no. Fonna frå Steimsnibba starta ikkje frå toppen, så her kjem nok meir, trur Glenn. Men han veit at dei bur trykt på Stadheim sjølv om fonngovet kan vere ubehageleg å oppleve. Og i fjellet flaug to ramnar som vi såg frå tunet på Stadheim.

Hesten Rosas Kiara fekk i hus og roa seg etter ei skremande oppleving.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380