LokalnyttLokalsport

Sunnylvingar hevda seg godt i feltskyting

Dag Andre Hauge, Sunnylven skyttarlag vann årets fyrste feltstemne.

Sunnylven skyttarlag sine skyttarar starta skyting utandørs like godt som dei avslutta inne. På årets fyrste feltstemne skaut Dag Andre Hauge seg heilt til topps i klasse 5.

Meldar: Sunnylven skyttarlag.

Langevåg Skyttarlag var arrangør av årets fyrste feltstemne søndag. Mellom 61 skarpladde deltakarar var Dag Andre Hauge ein av dei som viste at han har taket på feltskyting, at medaljen frå Landsskyttarstemna i Stjørdal ikkje var noko tilfeldigheit.

Dag Andre Hauge gjekk heilt til topps på grovfelten i  kl 5, og vann stemnet totalt med 29/13 treff. Sølvet gjekk til Thor Einar Aurdal frå Sykkylven Skyttarlag som var best i kl. 4 med poengsummen 27/11 treff.

I klasse 5 deltok fleire frå Sunnylven skyttarlag. Desse vart; Nr. 4 Kjell O. Frøysa  24/6 treff, nr. 6 Ivar Fivelstar, Nr 9 Ola Vangen 18/2 treff.

I kl. 4 vart Kristian F. Hauge nr. 7 med 22/10 treff . Klasse 1 vart vunne av Hallbjørn Rasmussen frå Sykkylven Skyttarlag med 22/8 treff .Her vart Kirsti F. Hauge nr. 2 med 18/2 treff.

På finfelten for ungdom og veteranskyttarar vart Oddmund Fivelstad nr. 7 med 28/15 treff i kl. Vet 73. Klassa vart vunne av Harald Reiten Ålesund Skyttarlag med dagens beste resultat 30/23 treff. Klasse JR vart vunne av Ask Årseter frå Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag med 30/15 treff. Her vart det bronse til Isak F. Hauge med 2919 treff.

Eldre rekrutt vart vunne av Andreas Valde frå Engesetdal og Skodje med 30/23 treff. Bronsa gjekk til Ørjan F. Hauge med 29/21 treff.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380