Lokalnytt

Tek i bruk tidlegare skulehus

Sunnylven kyrkjelydshus, både fyrste og deler av andre høgda skal nyttast som skulebygg det neste året.

Sunnylvsbygda grendahus, tidlegare Hauge skule blir skulestove igjen. Også Sunnylven kyrkjelydshus skal brukast som undervisningslokale i perioden når Sunnylven skule blir rehabilitert.

Til formannskapsmøtet måndag 30. mars har kommunalsjef plan og utvikling, Einar Lied sett på papiret det økonomiske, og korleis den praktiske gjennomføringa med skuleundervisning er tenkt under rehabilitering av Sunnylven skule. Saka kjem opp i telefonmøtet til formannskapet der dei nyttar seg av hasteparagrafen i kommunelova, har ordførar Jan Ove Tryggestad opplyst til hellesylt.info. Dette for å kome i gong med arbeidet så raskt som mogleg.

Lokalt byggefirma fekk oppdraget

I sakspapira til formannskapet er kostnaden med total rehabilitering sett til 63.551.500.- inkl. mva. På budsjettmøtet i desember vedtok kommunestyret å løyve 29. mill kroner til arbeidet, og restbeløpet på 34.551.500 skal inn i økonomiplan for 2021. Det er HT Bygg Hellesylt as som har fått oppdraget med rehabiliteringa som er forventa å ta ca. 60 veker.

Lokale for undervisning

Til formannskapsmøtet er det også sett opp forslag om alternative lokale for undervisning. Einar Lied skriv at ein går inn for å leige Sunnylven kyrkjelydshus, og Hauge skule, no Sunnylvsbygda grendahus som ligg ca. 5.0 km. frå Hellesylt sentrum. Lokala må gjennom søknad om bruksendring og der kjem både fylkesmann, kommunelege og arbeidstilsynet inn.

Kommunalsjefen og skuleleiinga foreslår at 1 – 7 klassesteg nyttar kyrkjelydshuset og 8 – 10 klasse skulehuset på Hauge.

Måtte rassikrast

I tidlegare planlegging var Hægstad Gard tiltenkt brukt som skulebygg. Men kun sikring med voll kunne gjere bruk mogleg då halve bygget ligg innafor rasområde. Å bygge rasvoll ville ta tid då det måtte utførast grunnundersøking, prosjektering, kalkyler, anbod og andre søknader, skriv Einar Lied.

Om formannskapet går inn for saksutgreiinga som blir framlagt på møtet måndag skulle det aller meste vere på plass for at rehabilitering av Sunnylven skule skal kunne starte.

Sunnylvsbygda grendahus, tidlegare Hauge skule frå 1962 er velhalde og har stort uteområde for leik og aktivitet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380