Lokalnytt

Turistferja startar opp 30. april

Turistferja Bolsøy blir i desse dagar klargjort for ein ny sesong i trafikk på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger.

Grunna utbrotet av korona-viruset har førehandstingingane på turistferja mellom Hellesylt og Geiranger stoppa opp. The Fjords endrar difor oppstart i ruta frå 1. april til 30 april.

Operativ leiar i The Fjords, Rune Midtkandal fortel at turistferja på Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger startar opp sesongen ein månad seinare enn fyrst planlagt. Selskapet har ikkje fått så mange avbestillingar, men førehandstingingane har stoppa heilt opp, seier Midtkandal.

Som tidlegare somrar er det Bolsøy og Veøy som skal trafikkere ruta på fjorden i naturvakre omgjevnadane mellom Hellesylt og Geiranger. Veøy vart i fjor sertifisert for fem år så den er klar, medan Bolsøy ligg ved verft i Florø og blir oversedd og «pynta» for ein ny sesong. Og sidan sesongoppstart er utsett har vi ekstra tid å setje turistferja i flott stand, seier Midtkandal.

Nye konsesjonskrav frå 2023

Kor lenge ferjene frå 1973 og 1974 blir i ruta er uvisst. Rune Midtkandal fortel at det nyleg kom ut nye konsesjonskrav for turistruta der kravet er utsleppsfrie fartøy alt frå 2023. Det er tre år tidlegare enn The Fjords hadde rekna med. Men selskapet vil vere med i anbodsrunden så no må vi planlegge for det. Alternativa er hydrogen eller batteridrift, seier Midtkandal.

Årets sesong går i alle høve med dei to turistferjene Bolsøy og Veøy, og startar opp når situasjonen kring korona-utbrotet normaliserer seg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380