Lokalnytt

Vurderer innsparingar i rehabilitering av skule

I tolv år har planar for rehabilitering av Sunnylven skule versert. Blir det oppstart denne gongen?

Einingsleiar Roar Seljeset likar ikkje signal om nye nedskjeringar i rehabilitering av Sunnylven skule. Han er uroa for at innsparingar i kostnaden skal plukke prosjektet frå kvarandre. -Det gjev for mange midlertidige og dårlege løysingar, skriv han.

Rektor Roar Seljeset er uroa over at rehabilitering av Sunnylven skule ikkje skal bli så bra som håpa på. I eit notat etter byggemøte 9. mars har han sett på papiret tankar og ønskjer for det vidare arbeidet, eit notat skrive av ein fagmann i skulen og som bør bli vektlagt.

-Eg er svært uroa over at det blei drøfta tiltaka i møtet til innsparingar i prosjektet, og det store beløpet som skulle innsparast.

-I 2011 låg eit ferdig rehabilieringsprosjekt for Sunnylven skule klart etter at skulen hadde arbeidd med dette i over tre år. Dette innebar ei total rehabilitering der både uteområde, symjehall/nye garderober og skuledelen med nye areal låg inne med betydelege midlar. Vi veit alle korleis desse planane gjekk.

Oppgradering til gjeldande krav

Arkitekt Ola Kibsgård Petersen presenterte dei planlagde tiltaka for rehabilitering av Sunnylven skule for kollegiet ved skulen i juni 2019. Prosessen kring planane han la fram hadde vorte annleis og ambisjonsnivået for rehabiliteringa redusert, skriv Seljeset og legg til at både han og kollegiet var skuffa over at det heller ikkje var funne plass til ei forsiktig oppgradering av garderobene ved skulen.

-Arkitekt lova ikkje mykje, det var lagt vekt på nøkternheit og ei oppgradering til gjeldande lovkrav så langt det var mogleg innanfor gjeldande bygningskropp.

På det same møtet vart det opplyst at utvendig skulle skulen få nye tette tak, nye dører, vindauge og ny fasade. Innomhus skulle overflater oppgraderast og lys, luft og solskjerming skulle på plass. Og det vart presentert ein romplan med plass til eit nytt naturfagrom og garderober til lærarar.

Vurderte innsparingar

I kommunestyret i desember -19, vart økonomisk ramme for rehabiliteringa av Sunnylven skule sett, og denne ramma er no utgangspunktet for innsparingane som skal vurderast. Av innsparingar rektor Roar Seljeset ramsar opp i notatet er;

*Gjenbruk av ventilasjonsaggregat frå 1972 som skal drifte areala utanfor tiltakssona (gymsal, Samfunnshus mm)

*Gjenbruk av ventilasjonsaggregat frå 1997 i -97 bygget

*Utsetje rehabilitering av fasade Samfunnshus

*Ikkje gjere noke med fasade -97 bygget – Ikkje gjere noko med klasserom i -97 bygget, tilpassing til teneleg klasserom

*Opa plassering av ventilasjonsaggregat, sjølv om dette vart frårådd av fare for framtidige taklekkasjer og vanskelegare vedlikehald.

-Ventilasjonsalegga og styringa av desse er ei viktig årsak til dei enorme energiutgiftene vi har ved eininga. Dei siste diftsåra ligg energiforbruket på godt over 400 000 kr/år. Ei oppgradering av desse anlegga til dagens standard er eg sikker på vil betale seg sjølv over tid. Det vil og vere mogleg å få deler og sikre stabil drift av ventilasjonsanlegga framover med nye aggregat.

Skjemmande

-Når det gjeld fasadene på bygget har arkitekt skissert dette arbeidet. 97-fasaden er klar for pussing/ flikking og ny maling igjen. Dette må gjerast av profesjonelle i forhold til mengd arbeid, tilkomst og at fasaden er utført i betong. To av vindauga er punkterte og må skiftast.

-Samfunnshusfasaden må uansett skiftast i løpet av kort tid. Rote i vindauga er svært synleg og aluminiumskledning vil framstå som skjemmande for bygget. Opa plassering av ventilasjonsaggregat er kommentert.

-Ikkje fornuftige innsparingar

-Uroa mi etter møtet på måndag er at innsparingane som det vart spelt inn forslag på plukkar prosjektet frå kvarandre og gjev for mange «midlertidige og dårlege løysingar», skriv Seljeset.

-Eg ber om at desse innsparingstiltaka vert lagde vekk og at ein går til kommunestyret og ber om naudsynte midlar slik at prosjektet vert gjennomført, slik det låg føre frå arkitekt når anbodet vart lagt ut. Innsparingane som allereie var gjorde då er betydelege. Innsparingstiltaka som er skisserte over i forhold til ventilasjon og fasader er ikkje fornuftige og vil gje eit skulebygg som framleis vil ha feil og manglar og gje usikkerheit i drifta frametter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380