Lokalnytt

Attval i Ljøbrekkas Vener

I juni i fjor var det «Ordføraren sin tur» etter den Trondhjemske postvei. Petter Hjørungdal, til høgre var kjentmann og fortalde turfolket om arbeidet og anna i tilknyting til den populære turvegen. Her frå området ved fremste Herdalsvatnet. Ordførar Jan Ove Tryggestad heilt til venstre. (Alle foto: Frå arkivet)

Petter Hjørungdal held fram som leiar i Ljøbrekkas Vener. Attval vart det også på resten av styret då organisasjonen avvikla årsmøtet tysdag 28. april.

Det nærmar seg fullføring av det omfattande restaureringsarbeidet av postvegen over Ljøfjellet, frå Ljøen til Herdal. Tysdag hadde organisasjonen årsmøte med val der Petter Hjørungdal tok mot attval som leiar, eit verv han har hatt for Ljøbrekkas Vener heilt frå oppstarten i 2014. Saman med styret er det lagt ned eit stort arbeid for å setje i stand den gamle postvegen frå Ljøen til Herdal i god stand igjen.

Val på årssamlinga tysdag vart;
Leiar: Petter Hjørungdal

Nestleiar: Oddvar Gausdal

Kasserar: Ole-Johan Lillestøl

Skrivar: Svein Lunde

Grunneigarrepresentant: Erling Ljøen

Varamedlem: Svein Parr, Ruth Hole Aaland

Revisor: Per Tryggestad

Valnemnd: Liv Tefre, Fredrik Stadheim.

Uendra kontingent

Ljøbrekkas Vener hadde 288 betalande medlemer i 2019. Kontingenten har vore 200.- for enkeltmedlemer, og 500.- for familie. Årsmøtet vedtok uendra kontingent for 2020.

I fjor vart det meste av arbeidet utført på Herdalsida, men også ein del grøfter vart utbetra i området Spønhaugen. Veret var stort sett bra, og arbeidet vart avslutta 28. oktober, står å lese i årsmeldinga.

Planlegg opningsfest

I løpet av 2019 vart det halde fleire synfaringar av lokalkjente, folk frå Fylket, og tilreisande frå andre stader etter postvegen. I ei svært fyldig årsmelding blir det også fortalt om mykje dugnadsarbeid som vart lagt ned. Attståande arbeid håper ein å få fullført dette året, og er kostnadsrekna til ca. 1.0 mill. kroner.

Organisasjonen planlegg ein opningsfest ut på sommaren/hausten for restaureringsarbeidet av Den Trondhjemske postvei over Ljøbrekka. Det vart sendt invitasjon til Dronning Sonja om å delta, men Dronninga takka nei til å ta del i opninga.

Det er utført mykje godt arbeid etter turvegen i det unike landskapet med panoramautsikt over fjordar, fjell og dalar. Her frå området ved Spønhaugen.

Sosiale samlingar

I årsmeldinga blir det også fortalt om sosiale tilstellingar for sherpaene og deira vertskap på Ljøen, saman med leiinga i Ljøbrekkas Vener. Vi siterer rett frå årsmeldinga;

-Husrom, overnatting og sosiale opplevingar: Heilt sidan vi starta med sherpaer på vegarbeidet, har desse budd gratis hos Elsa og Erling Ljøen. Sherpaene bur her trygt og godt og har vorte ein del av familien. Denne ordninga har spart oss for ein god del utgifter, og vore ein trivselsfaktor for sherpaene. Elsa og Erling har også teke med seg sherpaene på turar nokre søndagar.

Sherpaene, Petter, Erling og Elsa var også ein tur til Flø og fekk oppleve ein flott solnedgang. Elsa og Erling bad og inn til avslutningskveld for sherpaene 18.10.18.

Trekkspel og gitar

-Sherpaene (Pasang Tshering Sherpa og Magar Balu), Erling Langset, Svein Lunde, Ole Johan Lillestøl, Petter Hjørungdal og Oddvar Gausdal saman med vertskapet, Erling og Elsa, hadde ein hyggjeleg kveld i lag. Oddvar Gausdal hadde med trekkspelet og framførte fleire fine musikkstykke, nokre saman med Ole Johan Lillestøl på gitar. Pasang og Magar fekk overrekt kvart sitt bilete frå Ljøbrekka som eit minne. Svein Lunde stod for både biletet og innraminga.

-Offisiell opning av det ferdige prosjektet: Vi planlegg å opne vegen over Ljøbrekka offisielt i august 2020. Vi sette av tre alternative helgar til dette, og inviterte Dronning Sonja til opninga, men ho har takka nei. Vi må finne ein annan i staden.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380