Gamle BildeNotiser

Det gamle bilete

Dette biletet er frå Hauge i Sunnylvsbygda. Vi har fått biletet tilsendt frå Jarle Hole, som igjen har motteke det frå Peder Hellebostad. Biletet er motiv på eit julekort som ein gong tidleg på 1900 vart sendt som helsing frå Marie Rørhuus til ei Pernille i Tafjord.

Kva årstal biletet er teke veit vi ikkje. Heller ikkje kva tid på året, men legg merke til hesjane på Øyebøen, og kor skoglaus bergsida til høgre på Hauge er.

Av bygningar ser ein skulehuset på Hauge frå 1869 til venstre. I framgrunnen er fleire bygningar der oppkøyrsla til Sunnylvsbygda grendahus er i dag, og er truleg Nylandsplassen, I bygdebok for Sunnylven og Geiranger står at Ole Iver Olausson Frøsøye fekk bygsla plassen frå bnr. 5 og Thore Ellingsson, bror til kona Lydianna. Ole og Lydianna fekk ein son, Ole Andreas som også vart gift og budde her til begge familiane flytta til Tresfjord i 1915.

I dag er der ingen hus på Nylandsplassen som er eigd av bnr. 5. på Hauge.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380