Fjernar trimbøker i tiltak mot korona
Folkehelsekoordinator Margrethe Fjetland Løvold skriv i e-post til idrettslag at det i samråd med smittevernlege er vedteke å drage inn alle poengbøker på trimpostar, både i fjelltrimmen og på Stikk UT-postane.
Dette er eit tiltaka for å begrense korona-smitten. I Sunnylven ligg ein del fjelltrimpostar høgt og såleis vanskeleg tilgjengeleg no, men også desse blir fjerna etter kvart.
Sunnylven IL drøfta saka på styremøtet i hovudstyret måndag kveld og vedtok der å fjerne bøkene på dei mest besøkte trimpostane: Shellkaia, sendaren på Ringdalen, Åsen/Hellebostadmarka, og etter kvart på fleire når forhold gjer det mogleg. Ein infolapp blir festa på utsida av kassa med denne teksten;
–Smittevernlegen i Stranda har bestemt at bøker på trimpostane, inkludert Stikk UT, skal fjernast for å minske smittefare av koronavirus.
Registrèr turen din på ditt eige Trimskjema som er å få kjøpt på COOP marked.
Etterkvart håper vi å få til digital registrering.
GOD TUR!