God påske frå Svein prest

I mange år har ungdomskoret Joyful framført påskemusikalen «Har du hørt det» i Sunnylven kyrkje. Denne gongen blir palmesøndag ei oppleving fattigare av årsaker vi kjenner.

-Korleis blir påska i år eigentleg? Det er ofte samtaleemne i det offentlege rom. Reiseforbod og hytteopphald har dominert samtalane.

Svein Runde, tidlegare prest i Sunnylven og Geiranger helsar God påske til sin «gamle kyrkjelyd» og alle andre lesarar av hellesylt.info.

-Men påska har ei anna side óg. I Sunnylven kyrkje har det vore ein lang og god tradisjon med ungdomskoret Joyful,  – frå heilt tilbake på 90-talet, å framføre påskemusikalen: «Har du hørt det?»

Mange har sete med klumpen i halsen når dei sterke scenene frå skjærtorsdag og langfredag har vorte framsynte, med Peter si fortviling, Judas sitt svik, læresveinane sine kjensler av håplausheit trass i Jesu kjærleikserklæring: «Dere er mine venner!»

Så endar det heile opp med jubelen 1. påskedag: «Har du hørt det som er hendt: Jesus har stått opp igjen!» Palmegreiner blir kasta til alle kantar i pur glede: «Jesus døde på eit kors. Nå er han hos oss!!!!»

I år får vi ikkje møte påska med denne framsyninga. Men innhaldet er like aktuelt, sjølv med stengde kyrkjedører. Gjennom lokale, digitale sendingar vil du fortsatt få med deg påskebodskapen frå innsida av kyrkjene våre dei ulike dagane i påska.  Kyrkjeklokka vil ringe fleire gongar denne tida og ikkje minst på oppstandelsesdagen 1. påskedag, som ei tydeleg påminning om at påska er her i år også, og at vi gleder oss til snart på nytt å få kome saman i Guds hus.

Påskedag er også flaggdag. Ver med å feire påska på den måten du også, så vi kan sjå påskefeiringa frå hus til hus og kjenne at vi høyrer saman!

Biletet er henta frå boka om Sunnylven kyrkje, «150 år med kyrkja vår».

Gode påskehelsingar frå Svein prest

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380