Gudsteneste frå Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje. (Foto frå arkivet)

Gjennom påskeveka er det sendt gudstenester frå kyrkjer rundt om i indre Storfjordområdet. På 1. påskedag er den digitale gudsteneste frå Sunnylven kyrkje.

I den høgreiste trekyrkja er det altartavla med motivet «Oppstoda» måla av kunstnaren Per Vigeland som møter alle ved fyrste innsteg. Slik også 1. påskedag der det er preike av prest Kjell-Roger Isene, vakker song av Kristin Storstein med Gunnar Inge Eide på piano, og ni malmtunge slag frå kyrkjeklokka, laga i Dresden i 1880. Til slutt spelar kantor Carolin Eide på kyrkjeorgelet frå 1984 i «Allegro con brio» av Felix Mendelsson Bartholdy.

Opptak frå alle kyrkjene ser ein på kyrkja.no/storfjorden

 

Gudsteneste i Sunnylven kyrkje på påskedag. from Storfjorden kyrkjelege fellesr on Vimeo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380