Lokalnytt

Håper på både regn og ei lita snøbyge

Flott ver i slutten av april sette fart i våronna hos bøndene. Her blir bøane på Hellebostad i Sunnylven gjødsling med gylle.

På få dagar i april snudde landskapet frå vinter til vår. Det sette fart i våronna hos fleire bønder.

Peder Hellebostad er leiar i Sunnylven bondelag og saman med familien driv han stor gard på Hole i Sunnylvsbygda. No har han leita fram reiskapen og er i full gang med spreiing av husdyrgjødsel, både på hovudbruket på Hole og på slåtteteigar som han leiger lenger nede i bygda.

Gyllen gjødsel

-Det grøne graset kjem fort no når varmen kom, for jorda har stort sett vore telefri heile vinteren, seier han. Peder driv med storfe, mjølk og kjøttproduksjon og håper på eit nytt, godt grasår. Det ser lovande ut, overvintringa har gått bra sist vinter og med tidleg gjødsling med gylle, ei blanding av husdyrgjødsel og vatn kan det bli gode avlingar om veret blir lagleg framover.

Auka eigenproduksjon

Vi møtte bonden i full gang med gjødsling på ein teig på Hellebostad der graset var i god vekst. -Det ser bra ut, men eg vil ikkje ha for mykje sol og nordavind no. Og utan å provosere nokon kunne eg heller tenkje meg ei regnbye. Det blir nesten aldri for mykje regn i mai, kanskje også ei lita snøbye hadde gjort godt, for du veit det gamle ordtaket; mai kulde gjer bondens lader fulle.

-Veret rår vi ikkje noko med, det må vi ta mot som vi får det. Men å auke eigenproduksjonen av mat må vere eit mål vi bør ha, og ei god våronn er viktig for eit godt avlingsår. Vi må produsere den maten vi har naturlege forhold til, gras til husdyrproduksjonen, grønnsaker og visse kornslag.

Norge treng beredskapslager

-Bonden får ein annan statur når kriser oppstår. Å bygge opp eit kornlaget må vere ein sjølvsagt ting, det burde nok desse korona-tidene vist oss, sjølv om utbodet og alle butikkhyller har vore fulle. Det kan fort endre seg om land vi kjøper frå vil ha kornet sitt sjølve. Eit lager av matkorn for eitt år vil koste 40.0 mill. kroner, eller same beløp som el-bilar i Norge blir subsidiert med i løpet av nokre få veker, seier bondelagsleiaren og ser mot snødekte fjell. –Det blir gode beiteforhold for sau og lam til sommaren og ut over hausten. Med snø som smeltar blir det grønt, saftig fjellgras etter kvart som bakken kjem fram.

Det kan vere vanskeleg å planlegge for framtida når ein driv som bonde. Ein ting er veret, andre forhold som spelar inn på lønsemd er prisar og tildeling av kvoter. Peder Hellebostad tek fram eit eksempel som viser kor fort ting kan snu.

Førehandstalet endra

-Eit nytt anlegg for produksjon av Jarlsbergost skulle starte opp i Irland med det fyrste, ein osteproduksjon som har foregått i Norge. No vart det mindre behov for mjølk frå den norske bonden og førehandstalet av bruket si mjølkekvote vart ved nyttår sett til 0.94 for 2020. No har Korona-epidemien ført til at anlegget i Irland ikkje kjem i produksjon, og når er uvisst. Dermed har TINE nyleg sett opp førehandstalet til 100.1 av bruket si mjølkekvote. Det er behov for meir mjølk så vi håper sjølvsagt på fine vekseforhold og gode avlingar, seier Peder Hellebostad, bonde, og leiar i Sunnylven bondelag.

Peder Hellebostad, bonde og leiar i Sunnylven bondelag er i full gang med våronna, og håper på gode vekstforhold.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380