Lokalnytt

Har påskemat til alle

Oddhild Åsen ved Ole Ringdal AS på Hellesylt får mange telefonar om dagen frå kundar som ønskjer seg kjøttvarer til påske. Og alle får, for bedrifta har fulle lager og produserer for fullt, seier Oddhild.

Oddhild Åsen hos Ole Ringdal AS på Hellesylt synest det er kjekt når telefonen ringer og ho kan svare Ringdal! Det har blitt ei kjent telefonstemme for alle som er ute etter gode, ferske kjøttvarer.

I desse koronatider er heile arbeidsstokken ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS, Hellesylt på plass for å dekke opp etterspurnaden etter gode matvarer. Og det har kima nesten meir enn vanleg i bestillingstelefonen i det siste. Det fortel Oddhild Åsen, ei kjent stemma i telefonen for alle som skal tinge varer. –Jau, det blir nokre Ringdal!! kvar dag no, men det er berre hyggeleg, det er difor vi er her for å hjelpe alle som vil kjøpe varer av oss, seier ho.

Kven ringjer og kva bestiller folk?

–Vi får telefonar frå mange, store og små butikkar, og mange private. Og no når dei ikkje får dra på hytta i påska ser det ut til at alle vil kose seg med god mat heime. Vi får bestillingar på alt, kokmør, pølser, pålegg, pinnekjøtte, og spesielt mange vil ha kjøttdeig. Så langt har vi levert alt folk vil ha og vi skal greie det framover også. Bedrifta produserer for fullt kvar dag og vi har fulle lager av alt mogleg. Det einaste som kan hindre salet er leveringar vi treng for å pakke varer i som film, beger og liknande.

-Det er ei litt rar tid vi er inne i no, men slik det har blitt er vi berre glade for at vi kan gå på jobb som vanleg kvar dag. Å levere matvarer til alle skal vi greie, like bra som før, seier Oddhild, telefonstemma ved Ole Ringdal AS på Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380