Lokalnytt

Har sikra Øvre Ljøen mot ras

Frank Ole Bonsaksen oppe på kanten av den utgravde sløkta som blir eit effektivt fonnvern ovanfor husa på Øvre Ljøen.

Ei bergsprekke bak bygningane på garden Øvre Ljøen var fylt opp av morenemasse. No er fjellkløfta reinska for stein og grus og blitt eit solid og sikkert fonnvern.

Vi har sikra gard og grunn mot snøras, seier Frank Ole Bonsaksen, eigar av gardsbruket med den fantastiske utsikta mot fjell og fjordar. Frå tidleg i januar og i eit par månader har firmaet Muldsvor Maskin jobba med utgraving og oppmuring av eit fonnvern i pakt med naturen, heilt usynleg frå fjorden.

Rassikra gard og hotell

-Vi var spente på kva vi møtte av utfordringar når gravinga starta. Men bergsprekka bak konsertamfiet hadde nesten ikkje fjell, men stein og morenemasse. Ein liten fjellskolt står midt i, men elles sprengde vi berre to steinar. Entreprenøren har grave ut ei 50 – 60 meter lang og ti meter brei grøft, og brukt massen og mura opp ein rett gråsteinsmur i framkant, heile fem meter høgt. Med dette har vi sikra gard og grunn, våningshus og driftsbygning, og amfiet som sønene mine bygde opp, seier Frank Ole Bonsaksen.

På garden Øvre Ljøen har familien Knut Flakk planar om å bygge hotell. Kvar dette arbeidet står i dag visste ikkje Bonsaksen, men han var kjent med at arkitektar har vore i området og sett, og at det pågår eit reguleringsarbeid som skal vere ferdig til fellesferien.

Her kjem Ole Hjalmar Bonsaksen gåande opp gjennom den utgravde sløkta. Ein vaksen person blir liten her. Oppe står Frank Ole .

5000-års skred

For hotellplanane var rassikring eit krav. Det måtte byggjast ei form for sikring mot 5000-års raset. Det er no gjort, og kostnaden med arbeidet er delt mellom eigarane på Øvre Ljøen og Flakk, noko Bonsaksen kalla for storsinn av Knut Flakk.

Planarbeidet med sikringstiltaket er utarbeidd av Asplan Viak og av ingeniørgeolog Magne Bonsaksen. Om eit skred kom frå fjellsida skulle «grøfta» romme 1500 kubikkmeter. Slik det er utforma i dag er det plass til over 3000 kubikkmeter i det enorme gjølet.

Usynleg

Vi står oppe på kanten og ser saman med Bente og Frank Ole. Opp gjennom det enorme gjølet kjem Ole Hjalmar, ein høg og godt vaksen kar, men liten nede i den store naturkløfta. -Det flotte er at fonnvernet ikkje synest frå fjorden, ein må opp på kanten for å sjå den naturskapte sikringa. Akkurat det var eit krav vi stilte oss sjølve, seier familien Bonsaksen.

Mykje av massen er nytta til å flate ut området fram for Fjellgården Øvre Ljøen Amfi, etter at matjorda er teke vare på og lagra til høgre i bilde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380