HT Bygg Hellesylt totalentreprenør

Alt er no klart for rehabilitering av Sunnylven skule. (Foto frå arkivet)

Byggfirma HT Bygg Hellesylt har signert kontrakt med Stranda kommune om tatalentreprise på rehabilitering av Sunnylven skule. Oppstart av arbeidet kan bli kring månadsskifter mai / juni.

Sunnylven skule stod ferdig til bruk i 1973 og det var no på tide med utbetring av heile bygget frå golv til tak. Etter utlysing gjekk arbeidet til HT Bygg Hellesylt. Kontrakten mellom byggherren Stranda kommune og entreprenør vart underteikna i april og har ei kostnadsramme på 56.744.000.- kroner inkl. mva.

HT Bygg har oppdraget med å skaffe og ordne lokale for mellombels skule til dei knappe 70 elevane. Det er gjort avtale om bruk av Kyrkjelydshuset på Hellesylt og Sunnylvsbygda grendahus, tidlegare Hauge skule, fortel Øystein Ljøen. På begge stader blir det gjort enkle tiltak med ombygging i samband med bruken som skule.

HT Bygg håper å ha mellombels skulebygg klare slik at arbeidet med rehabilitering kjem i gong rundt månadsskiftet mai / juni. Heile arbeidet vil ta kring 18 månader.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380