Lamminga snart over

Trym jobbar mykje i sauefjøsen i lag med sauene og lamma. Her får eit flaskelamma maten sin, og Ingeborg som var på besøk hjelper til.

I sauefjøsen til Lisbeth og Jørgen Helset i Sunnylvsbygda har det kome mange lam dei siste vekene. No er lamminga snart ferdig for i år og mange små dansar rundt i sauefjøsen.

På den siste kvelden i april fekk vi besøke fjøset på Helset der rundt 35 av 40 vinterfora sau har lamma. Resultatet har blitt bra i år, seier Lisbeth som har full kontroll på talet og merkar lamma etter kvart som dei kjem til verda. Øyremerket er ein del av KSL-krava som jordbruket er pålagde, eit merke som fortel individnummer, kven som er morsauen, og telefonnummeret til dyreeigaren.

Tek vare på alle

Mange av sauene har fått tvillingar, og det har blitt både trillingar og nokre med firlingar, fortel Lisbeth. -Det beste er om det kjem to, i alle fall ikkje fleire enn tre, for sauer har berre to mjølkespenar. Men vi tek vel vare på alle så det blir nokre flaskelam også i år, seier ho.

Trønderjenta er ikkje oppvaksa på gard, men har lært og blitt dyktig fødselshjelpar for sauene om det trengs, fortel Fredrik, den tidlegare eigaren som sjølv er med på gardsarbeidet og lamming. Han fyller elles godt ut tida som dreng og avløysar på den store garden.

Over 80 lam er komne til no i sauefjøsen til Lisbeth, eldsteguten Elias og Jørgen Helset.

Produksjon to

I sauefjøsen har dei fire kamera som kan flyttast rundt, og på den måten kan dei spare seg turar i fjøset til alle tider på døgnet. Når lamminga skjer bør ein vere på plass, seier Jørgen. Litt beskjedent hevdar han at det dei driv ikkje er noko stor sauedrift. Det er produksjon nummer to på garden, seier han, for i ein annan del av den store driftsbygninga held rundt hundre storfe med mjølkekyr og ungdyr til, ein produksjon som er tilnærma heilautomatisert med mjølkerobot og foringsautomatar.

Stusseleg utan sauer

Men under dette besøket var vi mest opptekne av sauene og lamma, det som skal bli kortreist kvalitetsmat om eit halvårs tid, og etter ein sommar på fjellbeite med reint og friskt fjellgras som føde. – På Helset har det alltid vore sauer i husdyrhaldet og vi vil halde fram med det sjølv om det ikkje gjev den største betalinga etter arbeidsinnsats og andre innsatsfaktorar. Men det ville bli stusseleg å kome på sætra, opp i Liadalen om der ikkje var sauer å helse på. Og det blir kortreist kvalitetsmat, levert til vårt lokale slakteri Ole Ringdal AS, seier Jørgen.

Snart ut

Av dei 40 vinterfora er der mest spelsau, men også nokre Dalasauer. Dagens meny no er silo om morgonen og høy om kvelden, og i tillegg kraftfor og fri tilgang på vatn. Snart skal buskapen ut, det skjer truleg fyrst i mai. Ein stor dag både for sau, lam og ikkje minst for røktarane. –Det brukar å bli nokre luftige hopp denne dagen, får vi oss fortalt under det trivelege besøket.

Mange små slappa av hos morsauen, men snart blir det ein annan dans, i det fri.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380