Lokalnytt

Live natursending frå Sunnylvsfjorden

Utsyn ut Sunnylvsfjorden. Foto: Fjord Nature AS

For to veker sidan starta Fjord Nature As live-sendingar frå stader i og kring Hellesylt. Søndag 5. april kan interesserte følgje Helge Kvam Karbø på padletur på Sunnylvsfjorden.

Helge Kvam Karbø frå Hellesylt, som driv naturopplevingsselskapet Fjord Nature AS er også hemma i drifta av restriksjonar rundt koronaepidemien. Men selskapet «lever» i beste velgåande gjennom eit nytt tiltak Karbø starta opp med for to veker sidan. Han har skaffa seg naudsynt utstyr og sender live naturbilete på facebook frå områder i og kring Hellesylt, og ved eit par høve også utanfor bygda.

-Det heile er eit prøveprosjekt, men kanskje noko som vi kan utvikle vidare, sende live frå den fantastiske naturen vi har i området, seier Karbø. Så langt har i alle høve tiltaket blitt godt motteke, seier han, og fortel at dei fem minutt lange naturinnslaga har hatt oppe i 6000 sjåarar på enkelte sendingar.

Om ein går inn på Fjord Nature si nettside: https://www.facebook.com/pg/fjordnature/videos/?ref=page_internal kan ein sjå alle sendingane frå starten for to veker sidan. Til kvar sending har Helge Kvam Karbø eit spørsmål der ein uttrekt vinnar med rett svar har vunne seg ein premie.

Søndag 5. april sender Karbø direkte frå ein kajakk i ein time frå kokka 13.00. Han har kjøpt inn opptak –og sendeutstyr som han riggar i kajakken. Utstyret kostar, så om nokon har lyst å støtte tiltaket kan ein vippse til eit nummer som blir lagt ut på bilda, seier han. Utroren blir ikkje så lang denne gongen, men til sendinga knyter han ein del faktaopplysningar frå stader som han padlar forbi.

Helge Kvam Karbø skulle på skitur då vi huka han for praten. –Vi rettar oss etter alle restriksjonar som er pålagt, men det er litt trasige tider. Eg håper det normaliserer seg snart og at både lokalt tilknytte og norske vil gjeste oss i Fjord Nature, seier Helge Kvam Karbø.

På Sunnylvsfjorden. Foto: Fjord Nature AS

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380