Lokalnytt

«Molda» stor snøfonn

Snøfonna ved Lillegjærdet er større enn vanleg i år. Og fonnene er mange, for på Holesida har dei gått tett i tett. (Foto: Inge Bjørdal)

Mykje snø sist vinter, spesielt i høgda har ført til store snøras i mange sætredalar. På sætrevegen til Holedalen er vegen sperra av fleire store fonner.

Det kan bli langt mot sommaren, i alle fall sein mai før det kan køyrast med bil til sætrestølane i Holedalen i år. Det trur Inge Bjørdal som har sett fleire snøras som sperrar vegen. Den fyrste ved Furegjerde har ein bonde rydda vekk med traktor, men litt lenger framme ligg store fonner på rekke og rad, fortel Bjørdal.

Nyleg var fleire karar i rasområdet og tok i bruk den gamle metoden med «molding» på snøfonna ved Lillegjerdet som er enno større enn vanleg. Karane som «molda», Steffen, Peder, Finn, Inge, Mindor og Alf Ole håpa på at den svartbrende kalken skulle hjelpe på tininga. At metoden verkar er kjent mellom anna frå gamle dagar og vegopning over Geirangerfjellet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380