Ny turrås i eventyrlandskap

Råsbyggjarane Rune til høgre og Per Svein er komne til enden av den nye råsa, til Andakroken ved Sunnylvsfjorden.

Ei ny turrås i nærleiken av Hellesylt er klar til bruk. Onsdag kveld la brørne Rune og Per Svein Hole siste «hand på verket» på råsa i eit lite kjent landskap, til Andakroken ved Sunnylvsfjorden.

Dei to Hole-karane likar å vere på tur i naturen. Begge har vore aktive i Sunnylven IL, og spesielt trimgruppa har hatt glede av innsatsen deira. Rundt om i Sunnylven er fleire trimruter, men naturen lever sitt eige liv og av og til må sjølv ei enkel rås fiksast på. Vi veit at Rune og Per Svein har lagt ned utallige timar på vedlikehald til trimpostar på Nokkenibba, Nausane, langs Holedalsvatnet, på Åserunden og fleire. Også Ljøsurddalsstien opp frå Holedalen har Rune lagt ned mange timars arbeid på.

Ein ide er realitet

-Rune hadde ein ide som har kom til meg med, og eg støtta han. Og når vi fekk støtte av dei vi bur saman med så sette vi i gong, seier Per Svein. Han snakka om Ann Janne og Nina, konene deira. Ideen var å rydde ei gamal rås frå byggefeltet på Reset, til Streketunnelen og vidare ned til sjøen og området Andakroken. I mars sette dei to i gong med arbeidet, rydda vekk krattskog og planerte terreng med hakke og spett der det var naudsynt.

Vi gjekk fyrste del av den nye råsa for eit par veker sidan, og onsdag kveld var vi med Rune og Per Svein det siste stykket frå fonnoverbygget ved gamle Streketunnelen og ned til endepunktet ved sjøen.

Ned frå Ospaflåna slyngar råsa seg bratt, men var nesten lett å gå etter at Hole-brørne hadde leita fram beste traseen.

Eventyrlandskap

Det er bratt nedover den fyrste delen her, men råsa er lagd i svingar. Her var tipplass for masse frå tunnelbygginga så råsa er gravd ut i den og er god å gå. Og lenger nede blir det berre fantastisk flott, reine eventyrlandskapet. Her er flate parti som truleg har vore slåttemark i gamal tid, der er digre bjørketre og masse anna lauvskog, og vi ser kjempestore trolske furutre. Det er nesten som eit eventyrlandskap som opnar seg opp, eit terreng vi aldri har vore i før.

Heile turråsa frå byggefeltet på Reset er to kilometer. Frå fonnoverbygget, eller Ospaflåna på gamle Ljøvegen til Andakroken er ca. 600 meter lang og med stigning på 100 meter, fortel Rune. Og her ved sjøen må det vere ein flott fiskeplass, meinar Per Svein. Han synest det burde kome eit par rastebord på dei fine flatene som er i terrenget, og kanskje kunne ein lage nokre aktivitetsapparat for ungar også, sveger og liknande.

Det er nesten som å gå gjennom ein eventyrskog. Variert vegitasjon av lauvskog, og digre trolske furutre.

Naturskatt

Per Svein Hole og Rune Hole har jobba mange timar på turråsa, og utan løn. –Vi jobbar for fellesskapen og gjer det på grunn av idealisme til heimbygda, for at folk skal kunne gå på tur og nyte naturen. No håper vi mange snører turskoa og får glede av råsa til Andakroken, ein til no løynd naturskatt, seier dei to.

Omlag midtvegs ned til sjøen ligg denne digre hellaren. Her var ferdig kløyvd bjørkeved frå elødre tid så her hadde det vore folk før.

Å gå tur i naturen gjer mange. Ta gjerne med ei samanleggbar ryddesag i sekken for bruk om naudsynt, foreslår Per Svein t.v. og Rune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380