Lokalnytt

Peer Gynt galleriet blir selt til Flakk Invest

Til generalforsamling i Peer Gynt galleriet AS på Hellesylt tilrår styret at selskapet blir selt til Flakk Invest AS. Peer Gynt-relieffa etter kunstnaren Oddvin Parr blir deretter å sjå annan stad på Hellesyt.

Drifta av Peer Gynt galleriet på Hellesylt har jobba under ein vanskeleg økonomisk situasjon dei siste sesongane. No er styret av den oppfatning at der ikkje er grunnlag for vidare drift, og at selskapet og drift bør avviklast, står å lese i sakspapira som føl innkalling til generalforsamlinga.

Ein aksjonær

I september 2019 vart det i samråd med dei største kreditorane vedteke at styret skulle jobbe vidare for å få til eit samla sal av kunstverka i staden for oppbud eller tvangsavvikling.

Og etter forhandlingar tilrår styret no å gå for eit tilbod frå Flakk Invest As som går inn med ny aksjekapital, og overtek selskapet som einaste aksjonær. Avtalen inneber at Flakk Invest As kjøper all kunst i galleriet samstundes som det gjev Peer Gynt galleriet AS økonomiske musklar til å slette all gjeld. Hægstad Gård som omfattar bygning og eigedom blir framleis eigd av Heltre AS, står å lese i sakspapira til generalforsamlinga.

Samla på Hellesylt

Hægstad Gård på Hellesylt vart opna i 2002. Etter 18 år er drifta av senteret med Peer Gynt-relieffa utskorne av kunstnaren Oddvin Parr slutt. Men ut frå avtalen blir kunsten framleis å sjå på Hellesylt, i lokale i det gamle meieriet, eller nye.

-Styret har jobba fram ei avvikling i tråd med vedtektene der det heiter i paragraf 1. at –ein skal jobbe for å behalde kunsten samla på Hellesylt. Det har vi fått til gjennom avtalen, så sjølv om drivarselskapet blir selt, blir alle relieffa etter Oddvin Parr samla og verande på Hellesylt, seier styreformann i PGG Dag Stadheim

Aksekapitalen tapt

-Vi må likevel beklage over for alle aksjonærane i PGG at aksjekapitalen er tapt, men det positive er at vi har fått ein god avtale som er i tråd med vedtektene, seier Dag Stadheim, som saman med styremedlem Øystein Ljøen har han ført forhandlingane med Flakk Invest AS. Stadheim legg til at det har vore ryddige og gode samtalar med Knut Flakk og Egil Flakk i Flakk Invest AS, og vilje til å kome fram til løysingar. Han håper at generalforsamlinga i PGG sluttar opp om den framforhandla avtalen.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380