Produktlansering på kaffibaren.

Ellen Fivelstad har open kaffibar heile påska. I tillegg til å servere gode smakar, sel ho nyttige produkt for turbruk som handlenett og buffar.

På Hellesylt Boutique & Bar kan du få god kaffi, is og andre bakevarer å bite i. Men her kan ein også kjøpe bruksting til glede og nytte, forma av kjent designar.

I påska har Hellesylt Boutique & Bar produktlansering av miljøvenlege handlenett med påtrykt skisse av Sunnylvsfjorden og stadnamnet Hellesylt, også praktiske som strandbag. Og ein kan kjøpe buffar som har namna og høgde på mange av dei kjente fjelltoppane i Sunnylven. Tinga er utforma av designar Anne Jorun Sæten, oppvaksen på Hellesylt, men no busett i Bergen.

På kaffibaren i Gatå på Hellesylt kan du også kjøpe eplemost frå Byrg kompetanse as. I haust var leiarar og bebuarar ved kompetansesenteret på Hellesylt og plukka eple, og etter avtale fekk dei hauste alle epletrea som står i hagen ved badestranda.

Det vart eit par bilhengarlass med gode eple som vart køyrd til saftpresseri i Valldal. Resultatet vart ein økologisk eplemost av topp kvalitet utan sukker og tappa på små flasker.

Ellen Fivelstad ved Hellesylt Boutique & Bar har eplemost frå Byrg kompetanse til sals, i tillegg til kaffi både i posar og i koppen, og kaker av fleire slag. Hellesylt Boutique & Bar har ope alle dagar i påska mellom klokka 11.00 – 17.00, heilt til og med 2. påskedag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380