Sender gudstenester på nettet i påska

Altertavla i Sunnylven kyrkje har motiv frå fyrste påskedag.

På grunn av koronaepidemien blir det sendt gudstenester digitalt også i Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område. Frå Sunnylven kyrkje kjem det sending fyrste påskedag.

Gudstenestene i påska blir i år sende på internett. Palmesøndag var fyrste overføring, og den kom frå Geiranger kyrkje. Gudstenesta ligg framleis ute på nett og kan høyrast igjen. Under er «preikelista» for dei andre kyrkjene gjennom påska og desse kan ein høyre anten på den einskilde kyrkjelyden si facebookside, eller på kyrkja.no/storfjorden.

Sendinga frå kyrkjene blir lagt ut på nett klokka 09.00. Frå Sunnylven kyrkje er det sending søndag fyrste påskedag.

Her er gudstenestelista:
Palmesøndag 5.april: Geiranger kyrkje, sokneprest Morten Gravdal, Anette Møll (song og lesing) og kantor Gunnar Inge Eide
Tysdag 7.april.: Stranda kyrkje. Prest Kjell-Roger Isene, Evgenii Zhukov (fløyte), kantor Gunnar Inge Eide
Onsdag 8.april.: Sylte kyrkje. Sokneprest Morten Gravdal, Monica Tettli (song), kantor Carolin Eide..

Skjærtorsdag 9. april: Stordal kyrkje. Sokneprest Øystein Bråten, Mathilde og Helene Øvrebust (song), kantor Gunnar Inge Eide.

Langfredag 10. april: Norddal kyrkje. Sokneprest Morten Gravdal, Ingunn Linge Valdal, (fele), kantor Carolin Eide.

Påskeaftan 11. april: Liabygda kyrkje. Prest Kjell-Roger Isene, Oline Sofie Lunde (song), kantor Carolin Eide.

Påskedag 12. april: Sunnylven kyrkje. Prest Kjell-Roger Isene, Kristin Storstein (song), kantor Carolin Eide og Gunnar Inge Eide

Sunnylven kyrkje.

.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380