Lokalnytt

Snart våronn

Åkerpløging på Hole i Sunnylvsbygda. (Biletet er utlånt av Jarle Hole)

Om få dagar er våronna i gong for fullt. Då set bøndene plogen i jorda, for deretter å harve, gjødsle og så for det som skal bli årets avling av gras og rotvekstar. Og mekaniseringa i jordbruket har gjort store framsteg.

Jarle Hole har lånt oss eit biletet som vi presenterer, og som viser våronn på gong på Hole i Sunnylvsbygda. Det er frå gardsbruket til Jørgen Hole, truleg ein gong på 1930-talet. Her er det samarbeid med ein namnebror, Jørgen Bjørdal om pløgsel av ny åker. Til å drage plogen brukte dei to hestar.

På biletet med Liadalselva i bakgrunnen, er fleire unge med. Bileteigaren har funne fram namna og personane er frå høgre; Ole, Jørgen Bjørdal ved plogen, Rasmus, Kjell, Jørgen Hole, Bjarne.

«Å ta til med plognaden til rett tid var viktig, ikkje ein dag for tidleg og ikkje ein dag for seint. Ein dag om våren gjer ei veke om hausten, sa dei i gamle dagar. Men det heitte og at -med for tidleg såing, kunne ein så seg sjølve til uår». Dette og meir kan ein lese om under Jordbruk i bygdebok for Sunnylven og Geiranger.

Åkerpløging på Helset i 2015.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380