Snøras tok ut naudnettet

Snøraset måndag kveld øydela straumtilførselen til naudnettsendaren, og mørkla heile Sunnylven i fleire timar.

Eit snøras nord for Haugen i Nibbedalen kutta stramtilførselen til naudnettsendaren i området måndag kveld. Det førte også til at heile Sunnylven vart utan straum i opp til fire timar.

Naudnettsendaren i fjellsida nord for Haugen i Nibbedalen ved inngangen til Norangsdalen er no ute av drift. Eit snøras måndag kveld øydela linja og ein transformatorkiosk som forsyner sendaren under Kalveskrednibba med straum. Skaden førte også til at heile Sunnylven vart straumlaus i fleire timar. Området Hellesylt til og med Sunnylvsbygda fekk straumen tilbake etter vel ein time, medan resten av Sunnylven var mørklagt i kring fire timar.

Utan straumtilførsel er naudnettsendaren no ute av drift. Transformatoren var plassert i ly av ein fjellhammar, men like fullt vart den skada av raset. Kjentfolk har advart mot rasfåren i området, mellom anna har vår kjentmann på Fivelstad fortalt at i 1952 gjekk eit stort ras som sopa heile fjellsida under Kalveskrednibba.

Snøraset tok laust ved det blå området, meinar kjentfolk. Naudnettsendaren er utanfor biletet til høgre.(Alle foto: Privat)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380