Lokalnytt

Sparebanken Møre skiltar med ny logo

For omlag ei veke sidan kom det opp nye skilt med den nye logoen ved Sparebanken Møre sitt avdelingskontor på Hellesylt.

Sparebanken Møre, avd. Hellesylt fekk for ei vekes tid sidan opp skilt med banken sin nye logo på. Ein rettstreka logo som kan assosierast til fjord og fjell, til banken sitt virkeområde.

Sparebanken Møre avdeling på Hellesylt har fått på plass nye skilt med ny logo. No er eika som var på banken sine skilt tidlegare erstatta med eit nytt symbol tilpassa digitalt bruk.

Velta i storm

Banklogoen av eiketreet som likna mykje på ei fure i utfartsområdet Terdalen på fylkesgrensa er borte. «Bankfurua» som den vart kalla var ein populær samlingsstad for unge og eldre på tur vinterstid, spesielt i påska. Her vart det halde påskegudsteneste i mange år, og der vart både kakao, kvikklunsj og andre gosaker leita fram frå tursekken. Men under ein storm på 1990-talet velta den staselege furua og staden mista sitt samlingssymbol.

Profilomlegging

Uver og storm er ikkje årsaka til at Sparebanken Møre har gjort endringar i logoen. Det skal vel meir enn ein Vestlandsstorm til for velte Sunnmøres største forretning –og sparebank.

Det var i mai – juni i fjor at Sparebanken Møre gjennomførte ei større profilomlegging. Logoen til banken vart meir rettstreka og betre tilpassa digitalisering. I utforminga vart det også lagt vekt på å symbolisere området til banken med fjord og fjell, fortel banksjef Kjell Martin Ringset. No er det kome opp nye skilt ved alle banken sine kontor, og dermed er den gamle, kjente logoen blitt historie.

Banksjefen var på veg til Hellesylt då vi ringde opp for ein prat.

Mange har heimekontor

-Sparebanken Møre går veldig bra, vi driv godt og er lite påverka av koronaepidemien. Mange av dei tilsette ved våre 28 kontor og avdelingar i fylket har heimekontor og jobbar der i frå. Slik er det også i Stranda der hovudkontoret er ope, men mange av oss jobbar heimanfrå. Vi kan ikkje risikere at alle blir sjuke på same tid, sa Ringset.

-Banken har fått nokre søknader om avdragsfritak i desse tider, og det prøver banken å vere imøtekomande med. Elles kom det to renteendringar tett på kvarandre som vart litt utfordrande for banken med tidsfristar til kundane, sa han. Banksjefen føler at næringslivet går bra i matkommuna Stranda, for kundar planlegg bygging av både hus og hytter.

Nettbrett til institusjonar

Det er besøksforbod for pårørande ved eldreinstitusjonane i Stranda kommune, noko banken ønskjer å gjere noko med. For å oppretthalde ei visst kontakt med bebuarar har Sparebanken Møre tilbudt seg å finansiere nettbrett tilpassa brukarane. I Stranda har banken gjeve tilbod om inntil ti nettbrett der kommunen syter for tilpassing og opplæring i bruken. –Sjølv om det ikkje blir heilt det same som eit besøk trur vi dette kan vere ein kjekk måte å halde kontakt på, seier banksjef Kjell Martin Ringset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380