Lokalnytt

Staren er komen

Det er midten av april og på nord-Vestlandet laver snøen ned. Men det blir nok vår i år også, for no er staren komen.

På langfredag meinte vi å sjå at staren var komen tilbake. Andre påskedag vart vi heilt sikre på observasjonen, for då landa både herr og fru stare på fuglebettet. Litt pjuskete såg dei ut begge to i snøveret og nordavinden, men etter ei stund i haugen av solsikkefrø var dei borte. Vi håper dei finn igjen reirplassen sin frå i fjor.

Stare, eller Stær som det står i fugleboka kan lett forvekslast med svarttrost. Men ein gul ring rundt augene og lengre vølet skil svarttrosten frå staren. Andre kjenneteikn hos staren i tillegg til at den har kort vøle, er at i haust –og vinterdrakt har den små kvite flekkar på fjørene.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380