Lokalnytt

Supermånen viste seg fram

Supermånen viste seg fram over Sunnylvsbygda, ca, klokka 23.00 før skjærtorsdag.

Kvelden før skjærtorsdag viste supermånen seg fram. Eit månefenomen som skjer berre fem, seks gonger i året.

Natt til skjærtorsdag 9. april var månen knappe 360.000 km. frå jorda, det nærmaste den kjem i 2020. Ein supermåne er eit sjeldan fenomen. Alt natt til onsdag i påskeveka var månen stor å sjå, men eitt døger etterpå vart det altså supermåne. Månen var då nærare jorda i si bane enn vanleg.

I følgje Wikipedia er ein supermåne 14 prosent større og med kraftigare lys enn til vanleg. Også i resten av påska er månen stor, lyssterk og imponerande å sjå, om skyene held seg vekke då.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380