Lokalnytt

Symjetur uansett ver og temperatur.

Påskedukkerten for sjøbadarane foregjekk på fjøre sjø og med 9.5 pluss i vatnet tysdag.

Kvar tysdag og fredag blir det dukkert i sjøen for damer på Hellesylt. Uansett ver og temperatur, snø, regn, varme, kulde, sol eller stille blir det symjetur i sjøen ved badehuset heile året.

-Så lenge trappa ned frå badehuset til sjøen er gåande badar vi uansett, det er aldri kaldt i Sunnylvsfjorden. Det seier dei fire damene, Kristin, Marit, Sissel og Åse Karin som vi møtte tysdag i påskeveka på badestranda på Hellesylt. Då fekk vi stadfesta at dei er tøffare enn mange andre og bada i heller kaldt vatn.

Med både badedrakt og luer i påskefargar kom dei ned trappa frå badehuset og vassa i sjøen utan vegring. Det var god temperatur denne dagen, tykte dei, sol på land og heile 9.5 grader i sjøen hadde dei målt det til. Men slik har det ikkje alltid vore i vinter sjølv om dei hadde hatt mykje bra ver. Lavaste sjøtemperatur var målt til 6.5 grader.

Tysdag var det fjøre sjø, men når ein må ta hensyn til klokka og arbeidstid, hender det at det blir fjøre sjø og grunt vatn, sa dei.

Og om det var litt kaldt å bade? Nei, etter mange dukkertar, Sissel i eitt år, Marit og Kristin i to år, og veteran Åse Karin med fire år, så var dei vande med litt av kvart -Men ein gong var det berre 2.0 pluss, og då var det neste så vi sopa vekk isflak framfor oss.

Om det var sunt? Nei, det visste dei ikkje, men dei trudde det gjorde bra for dei var sjeldan sjuke. –Vi pusjar oss litt, får oss litt ut av komforsona, sa dei og la til; -Vi har lagt oss til ei rutine, vi badar i sjøen kvar tysdag og fredag uansett ver og temperatur.

Litt opptørking i solveggen på badehuset etter dukkerten. Frå venstre Kristin, Åse Karin, Sissel, Marit.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380