Teljing viser rekordstor hjortestamme

Under hjorteteljing i Stranda er det registrert eit rekordstort antal dyr denne våren. Og i Sunnylven ligg tettheita av hjort heilt i norgestoppen.
Skogbrukssjef Asle Johan Bergset Konnerth er også sekretær for Viltnemnda i Stranda. Han kjenner tala frå hjorteteljing som vart utført i heile kommunen to gonger i vår, tidleg om morgonen den 11. april og 18. april.
Tal på dyr som vart registrert og meldt inn ved fyrste teljing var:
Området Stranda med Fausadalen: 257, Liabygda 110, Sunnylven 420, Geiranger 37. Ved andre teljing var tal på hjort i snitt litt lavare.
Asle Johan B. Konnerth seier at ved slike teljingar reknar ein med å sjå mellom 40 og 50 prosent av dyra i området. Han trur det er alt for mange dyr enkelte stader, noko som påverkar både produktivitet hos dyra og sjølvsagt slaktevekter.
-Storleik på dyra som «teljarane» har sett er vanskeleg å vurdere. Men her er for stor tettheit, for mange dyr på små områder, så jegerane må ta ut meir og få ned stamma, meir enn sist haust då det i snitt vart felt om lag halvparten av den tildelte kvota. Og for å få ned hjortestamma må det skytast fleire koller og kalvar. Hanndyr er det alltid nok av sjølv om også desse trengs visse tider på hausten, seier Konnerth.
Det blir ikkje fleire teljingar i Stranda kommune denne våren. No startar hjortetrekka og då flyttar hjorten på seg over store områder. Men det er registrert nok dyr til ei ny, spanande hjortejakt frå 1. september.