Lokalnytt

Trimpost ved Nedstevatnet ventar

Ved Nedstevatnet har Sunnylven IL ein tre poengs trimpost. Om ein noterer poeng må det i år gjerast på eige trimskjema.

Vinteren har sleppt taket og den store trimsesongen er i gong både høgt og lavt i Sunnylven. Og sjølv om poengbøkene er borte frå postane, får poengsankarane si påskjønning for turen likevel.

Søndagsturen gjekk etter Flofjellvegen, frå Vollset og så langt vi kom utan ski på beina. Ved trimposten ved Nedstevatnet var det fritt for snø, men på vatnet låg det is enno. Og på same stad som i fjor stod kassa for tre poengs trimposten, men poengboka mangla. Årsaka kunne ein lese på ein lapp lima på kassa:

«Smittevernlegen i Stranda har bestemt at boka på Trimpostane, inkludert Stikk UT-postane, skal fjernast for å minske smittefåren av koronavirus. Registrer turen din på ditt eige Trimskjema som er å få kjøpt på Coop marked. Etter kvart håper vi å få til digital registrering. GOD TUR! Trimgruppa i Sunnylven Idrottslag.»

Etter ein kort stopp heldt vi fram etter ein snøfri veg og kom midt på Nedstevatnet, til det einaste barnåltreet i nærleiken, eit lerketre som står like ved vegen og vatnet. Eit gamalt skispor heldt fram i retning mot Nedstevassætra, men vi snudde her denne søndagen. Det går nok ikkje mange vekene før vi kan halde fram turen enno lenger.

Grinda midt på Nedstevatnet var opa, men om nokre veker blir den stengsle for husdyr.

For få år sidan vart Flofjellvegen utbetra, der kom toalettanlegg og stor parkeringsplass ved Vollset.

Fram til 1848 var vegen over Flofjellet kyrkjeveg for oppsitjarar på dei to øvste gardane i Sunnylvsbygda, Brekke og Vollset som då sokna til Oppstryn kyrkje. No blir den sju kilometer lange turvegen mykje nytta av fastbuande og turistar i heile sommarhalvåret. Ein tur etter vegen er ei «reise» gjennom eit variert og levande landskap med vatn, fossestryk, høge fjell, husdyr og ein flora med mange sjeldne plantar.

Her snudde vi på vår søndagstur denne gongen, der eit gamalt skispor gjekk vidare.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380