Vårblomar i jorda ved omsorgssenteret

Hilde Langlo Brekke og Ruth Hole Aaland planta påskelijer og andre vårblomar i blomsterkrukker ved Sunnylven omsorgssenter måndag..

På nytt er våren er i kjømda, og ved Sunnylven omsorgssenter kom dei fyrste blomane i jorda måndag i påskeveka.

Alle foto: Privat / Liv S. Gjerde

Gjennom eit samarbeid mellom Sunnylven sanitetslag og pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter vart det kjøpt inn og planta vårblomar i utekrukkene. Plantinga sytte Hilde Langlo Brekke og Ruth Hole Aaland for i vårsol.

-Mange ønskjer å gje ei ekstra oppmuntring for bebuarane på omsorgssenteret no når det ikkje er høve til å besøkje dei. Måndag fekk fleire av dei nyte vårlufta på trilletur i behageleg temperatur og sol frå skyfri himmel.

Og inne kom det påskeblomster på borda og Twist på pauserommet, før påskekyllingane dukka opp under middagen og delte ut mandarinar.

I påskeveka har bebuarane ved omsorgssenteret meir å glede seg til, for onsdag blir det ny kakefest som fam. til Jon T. spanderer, fortel Ruth Hole Aaland i pårørandeforeininga.

Sist veke fortalde banksjef Kjell Martin Ringset at Sparebanken Møreskulle kjøpe inn inntil ti iPad til endreinstitusjonar i Stranda kommune. Sunnylven omsorgssenter har fått tre slike som blir brukt til å halde kontakt mellom bebuarar og deira familie. Ei flott gåve som var kjær og populær å få.

I det fine veret vart det trilletur for fleire av bebuarane saman med tilsette.
Desse to påskekyllingane hadde med ei korg med mandarinar som dei delte rausleg ut av.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380