Vardejuvet

På vegen mellom Frøysa og Hole forbi Vardejølet tok arbeidet til i 1930-åra. Også det fyrste krigsåret vart det arbeidd her. Når vegarbeidarane høyrde flydur huka dei seg inn til fjellveggen i frykt for at det kunne vere tyske bombefly, er det fortalt. Vegen forbi Vardejuvet var køyrande i 1941. Reiskapen til å bygge veg med var enkel og ikkje talrik den gongen, og måtte takast vare på. Det er fortalt at då eit spett ramla utfor og i elva 40 meter ned i juvet, kleiv ein av arbeidarane ned og henta spettet opp igjen. Vegen forbi Vardejuvet vart utbetra noko i 2015.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380