Vart tildelt Optimistprisen for 2020.

Det var hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt, Ole Ringdal AS som fekk Optimistprisen under «Grøn Fjord-konferasnsen» i Geiranger i mars. Her syner disponent Kristen Ringdal t.v. og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fram dei handfaste bevisa på prisen, diplom og eit trykk av kunstnaren Per Kleiva.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt vart tildelt Optimistprisen for 2020 under «Grøn fjord-konferansen» i Geiranger i mars. Prisen var eit grafisk trykk av biletkunstnaren Per Kleiva.

-Det var stor stas å få denne prisen, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. Han tok mot prisen, eit bildetrykk, diplom og blomar på vegne av bedrifta Ole Ringdal AS,

Optimistprisen har blitt delt ut under «Grøn fjord»-konferansen seks gonger tidlegare. Prisen i år, som vart overrekt av Merete Løvold Rønneberg og Sven Sporstøl frå juryen var eit grafisk trykk av bildekunstnaren Per Kleiva.

Mange gode kundar

Bildet har fått sin plass på kontoret til dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. -Prisen viser at vi blir lagt merke til, at vi er optimistar, seier han og legg til; – Alt dreier seg om å våge å satse, skape arbeidsplassar og skape lønsam drift. Det har vi gjort frå starten for 82 år sidan.

-Bedrifta har fått mange faste kundar som i generasjonar har bestilt sine varer frå oss, seier Ole Arnstein Ringdal og nemner Union Hotel i Geiranger som han trur har vore kunde heile bedrifta si levetid. Det er fantastisk å ha slike kundar, men også mange kjøpmenn er gode og kjempar vår kamp for hyllepass i butikkane.

Ønskjer fleire lokale leverandørar

Dagleg leiar rosar også dei ansatte, -det er vår aller viktigaste ressurs som står på og produserer kvalitet, slår han fast.

Ole Ringdal AS produserer berre av slakt frå norske bønder, og det aller meste av råstoffet kjem frå lokale leverandørar. Men han håpar at fleire av bøndene ville sjå verdien av det å ha eit lokalt slakteri på Hellesylt. –Vi betaler betre og ut frå dyrevelferd blir det kort inntransport både for normalt friske dyr og for nødslakt. Og vi har kapasitet så vi ønskjer oss enno fleire lokale leverandørar.

Verdig prisvinnar

-Den familieeigde hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt med sine 60 fast tilsette driv slakteri og vidareforedlar råvarene til fleire hundre variantar av kjøttprodukt, mange premierte med medaljar og frå NM i kjøttvarer.

At det er ein viktig arbeidsplass for bygdesamfunnet på Hellesylt kom tydeleg fram I grunngjevinga frå juryen. Leiinga har vist offensiv satsing med nybygg, vidareutvikling og vekst i produksjonen. Det har blitt ei bedrift som lever i tøff konkurranse mot vesentleg større konsern, sa juryen i si grunngjeving.

Frå starten i 1938 har Ole Ringdal AS utvikla seg steg for steg, og har utvida produksjonslokala 17 gonger. Siste utbygging stod ferdig hausten 2018 og var på 2000 kv.m. til ein kostnad på vel 50.0 mill. kroner-, sa juryen mellom anna i si grunngjeving for pristildelinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380