Ventar kasser med sjokolade

Freia sjokoladefabrikk har delt ut gratis sjokolade til fleire. Mellom dei som kan vente seg ei søt gåve ein av dei fyrste dagane er Sunnylven sanitetslag.

Sjokoladefabrikken Freia ønska å gje ei oppmuntring til grupper som utfører omsorgsberedskap. Dei valde sanitetskvinnene som samarbeidspartnarar og deira omsorg –og beredskapsarbeid. Då søknadsfristen på gratis sjokolade gjekk ut hadde 28 grupper søkt.

Planen til gjevaren var at sjokoladen skulle ut til alle til påske, men det rakk ikkje Freia og prioriterte Oslo og grupper der fyrst. Og det var sjølvsagt påskesjokoladen Kvikk Lunsj som vart delt ut.

Såg notisen tilfeldig

Utdeling av den rause gåva var kunngjort mellom anna på facebook. Nestleiar i sanitetslaget, Hilde Langlo Brekke såg notisen om sjokoladegåva og sende ein søknad. –Det var berre tilfeldig at eg kom over det, og eg sende av garde ein enkel søknad på vegne av sanitetslaget. Håpet om ei søt og smakfull gåve var ikkje i tankane mine då, seier Hilde på telefonen.

Kasser med Kvikk Lunsj

Søknaden fekk like fullt eit «godt» utfall for laget. Og Sunnylven sanitetslag er ein verdig søkjar. Laget er aktivt med i beredskapsarbeid i Sunnylven, og gleder stadig bygda med sine tiltak. Som eksempel nemner vi at det til påske vart planta vårblomar ved Sunnylven omsorgssenter, på laget si rekning.

Snart kjem det store kasser med sjokolade til sanitetslaget i posten. Ryktet seier at det er 1000 Kvikk Lunsj i kassa som kjem. Kva laget skal gjere med all sjokoladen blir nok sak på fyrste styremøte. Kanskje kan sunnylvingane få ein sjokolade kvar, i postkassa. Likevel har laget igjen rundt 400.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380