40 år sidan frigjeringa. Minnet om dei falne vart heidra

Hans Hole; formann i Sunnylven IL, var leiar for folkefesten ved skulen. Saman med  festlyden mintest han dei som gav livet sitt for fedrelandet under den siste verdskrigen.

I programmet for denne 17. maidagen vart det og markert at det i år er 40 år sidan det vart fred etter den 2. verdskrigen. Ved flaggheisinga klokka 8 om morgonen vart det og lagt ned kransar på gravene til dei som gav livet sitt for fedrelandet under krigen. Og ved opninga av folkefesten, mintest formannen i 17. maikomiteen, Hans Hole, dei fire som miste livet her frå Sunnylven. Desse var Erling Ingvald Ringdal som fall ved Dombås 15. april 1940. Det var Louis Norman Larsen som kom bort ved eit krigsforlis i Indiahavet 15.juni 1943. Anders Perry Haugen sat i tysk krigsfangenskap og døydde i Bautzen i Sachsen 6. februar 1945. Den fjerde var Asbjørn Olav Tryggestad som vart skoten av ein tysk vaktpost på Hellesylt 4. september 1943. Dei frammøtte på folkefesten mintest dei falne med eit minutts stillheit.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info