LokalnyttLokalsport

Andakroken – ny digital trimpost

Utsikt frå Andakroken.

Den nye trimråsa til Andakroken stod ferdig i slutten av april i år. Trim- og friidrettsgruppa har fått ein del henvendingar med ønskje om at denne nye trimturen vert definert som trimpost. No er Andakroken lagt inn i Georeg slik at det er mogleg å registrere seg på denne posten digitalt.

Les meir om den nye trimråsa i ein tidlegare artikkel på hellesylt.info.

Per 23. mai er det 35 unike brukarar som har registrert seg på ein av Sunnylven IL sine trimturar i GeoReg.
Desse 15 trimpostane er lagt inn:

Post Bredde Lengde Poeng
Andakroken N62.0990 E6.8888 3
Berga N62.0400 E6.9735 3
Gamle Shell N62.0839 E6.8794 3
Hellebostadmarka N62.0771 E6.9128 3
Karbømarka N62.0693 E6.8043 3
Nestevatnet N62.0068 E7.0404 3
Ringdalen N62.0941 E6.8608 3
Stegholen N61.9837 E7.0416 3
Svarthammaren N62.0829 E6.8653 3
Høgane N62.0121 E6.7334 5
Nausane N62.0790 E6.8689 5
Tronstadsætra N62.0380 E6.8133 5
Ljøbrekka N62.1398 E6.9213 8
Skaret N62.0743 E6.8554 8
Steimsnibba N62.0578 E6.8902 15

Dei resterande postane vil bli lagt innfortløpande. Om du er på ein trimpost som ikkje er registrert i GeoReg så gjer vel å ta skjermbilde av GeoReg som viser koordinatane og send desse til trimgruppa ved Gunnar Fivelstad på epost: gunnar.fivelstad@stranda.kommune.no slik at ein får registrert trimposten i systemet.

Registrering av brukar.

Gå inn på https://www.georeg.no

Velg Registrere.

Registrering av brukar.

Fyll ut alle obligatoriske felta i skjema :

Fyll ut brukarinformasjon.
Ein kan velje å hake av for : vis meg «som anonym».
Då vil du opptre som NN i alle resultatlister, men som ein konsekvens får du heller ikkje sjå namna på andre deltagarar i oversiktslister.

Trykk deretter «Registrer meg».

Du vil då få tilsendt passord på oppgitt epost-adresse. Brukarnavnet ditt er mobilnummeret.

Installasjon av APP – GeoReg.

Søk opp og last ned app til telefon frå AppStore eller Google Play.

Skjermbilde frå AppStore.

Start app og logg på med den brukarinformasjon som du fekk oppretta i stega over.

Registrering av post.

Når du kjem til ein post som er registrert i GeoReg startar du appen og trykkjer «Registrere».

Registrering av trimtur.

Du vil då få ei «kvittering» på at ditt besøk på den aktuelle posten er registrert og i tillegg informasjon om kven som sist har besøkt posten.

For å kunne registrere posten må du vere tilstrekkeleg nær – Innanfor ca. 100 meter frå trimposten. Når posten er registrert vil du ikkje kunne registrere denne posten igjen før etter 5 timar.

Du kan logge deg inn på https://www.georeg.no og følge med på alle dine registreringar:

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info